lesogdel images

Discover Best lesogdel Images of World

#food #travel #sports #news #may #wednesday

. 🎶VÅRLEG BOKBAD🐦‍⬛ 🌱Når? Mandag 8.4.24 kl 19-20.30 🌼Kvar? Sørstrand Folkepark sin kafé 💦Kva? Først (frivillig) felles bad. Deretter sit me oss i kafeen. Peisen brenn og det vert høgtlesing frå ELSKEDE GRØFTEKANT av Gro Dahle. 🌷Pris? Kr 50,- (til kaféleige, resten til Leger uten grenser) Varm drikke med påfyll, kr 25,- Meld deg på via sms/chat. Plass reservert når du har Vippsa kr 50,- til Siri på 415 65 983. 12 plassar igjen 👙💦💫☕️🔥🎶🐦‍⬛🌱🌼📖 Velkomen! Diktsamlinga ELSKEDE GRØFTEKANT (2022) handlar kort fortalt om «kommunen - stedet der vi lever, sover, våkner, strever, lengter og håper.» Om du ikkje likar verken dikt, kommunen eller kaldt bad, meld deg på likevel og bli (garantert) overraska! Opningsdiktet: Et sted må alt slutte, et sted stuper fastlandet i sjøen, og der ute ved der siste lille skjæret er det verden ender og det store, salte havet begynner. Eller er det omvendt? Er det slik at verden begynner der ute ved de første, små krumbøyde skjærene og en kyst river seg løs fra bølgene, havet slipper taket, og kommunen reiser seg opp fra vannet 🌊🌊🌊 Studer grøftekantane litt ekstra i tida framover, barndommens skattkammer😉 . . . . #sørstrandfolkepark #florø #bokstavelegbokbad #mittflorø #elskedegrøftekant #grodahle #bokbad #lesogdel #høgtelsing #cappelendamm #kaldebad #vinterbad #sirisoge #leseglede #badeglede #fjordkysten #byenflorø #bookstagramnorway

3/10/2024, 3:07:44 PM

. OM UTREGNING AV ROMFANG 1. Solvej Balle (2020) ⏳🕟⏰🕰️⏱️⌛️⌚️🔞 For ein tittel, og for ei forventing: «en stor litterær begivenhet…nominert til Nordisk råds litteraturpris…fengende, vakker, klaustrofobisk, uhyggelig… Språklig intet mindre enn en liten perle.» På ei reise vert tida til Tara Selter øydelagt og ho vert ståande fast på den same dagen. Boka byrjar på dag tjueein / #21 av DEN ATTANDE NOVEMBER og avsluttar på #366. Om ho framleis er fanga av tida då, er ope. På eit tidspunkt er mannen optimist: «Før eller senere vender vel tiden tilbake til sin fremadskridende bevegelse?» Det er spanande og intenst, det er frustrerande, sårt og humoristisk. Tara og mannen prøver å forstå mysteriet, og forfattaren byr på ord som «tidssløyfer, hallusinasjoner, erindringsforskyvninger, parallelle universer, multiple verdener, relative tidsstrukturer, variabel kronometri, temporalarterie fraktet, kronotoksisk rekurrens» PUUUH! Nokre avsnitt er poetiske og meditative, andre rastlause og ordknappe. Språk og handling gir tidvis Jon Fosse-assosiasjonar. Før soloppgang opna eg romanen. Etterkvart som eg las vart eg forvirra og ukonsentrert. Rundt side 50 måtte eg ha meir kaffi, og ville heller vaska hus enn å lesa(!) Trass all åtgaum måtte eg jo ikkje lika boka. Men: rundt side 80 var eg hekta, og like før solnedgang var eg ferdig med den, oppslukt, fullstendig fascinert og ikkje ferdig med Balle! JA, eg angrar på at bok 2 og 3 ligg igjen på Biblioteket… Romanen minner meg om EINSTEINS DRØMMER av Alan Lightman, ein filosofisk kortroman om ulike versjonar av tid. . . #solvejballe #solvejballeomutregningavromfang #lesogdel #leseglede #bookstagramnorge

3/9/2024, 8:54:54 PM

🔥AVLYST🔥I ettermiddag var me på Sørstrand då sola sokk i havet kl 18.10, og lyset var magisk lenge. Eg hadde berre lyst til å bli verande der til det mørkna, og sjå gneister frå eit bål stiga mot stjernene. Tanken slo meg, kva med bokbad og bokbål saman på kvinnedagen? Kunne ikkje det vore ein fin start på helga? Den som vil badar i det magiske lyset, flyt i sjøen og ser Håsteinen lysa kvitt medan det skumrar. Så varmar me oss rundt bålet ein times tid, nyt varm drikke frå termosene våre og drøsar. Me gir oss medan kvelden er ung, men ikkje før eg har lese nokre dikt. (ikkje 60 minutt denne gongen) 8.mars passar det perfekt å lesa nokre dikt frå Marta Breen sin antologi: Så lett, så sterk, så øm. Feminisme i norsk poesi. Gi lyd om du vil! I såfall stiller eg med badetøy, varme klede, ein liten termos og fyrstikker. Ta med deg det same, så kan fellesskap og natur ta seg av resten. PS: NESTE VANLEGE BOKBAD er 8.4.Meld deg på til meg og Vipps kr 50,- (til leige/Leger uten grenser) 13 ledige plassar. . . #sørstrandfolkepark #florø #bokstavelegbokbad #mittflorø #martabreen #sålettsåsterksåøm #feminismeinorskpoesi #bokbad #lesogdel #høgtlesing #respublica #kaldebad #vinterbad #sirisoge #leseglede #badeglede #fjordkysten #byenflorø

3/5/2024, 11:23:32 PM

. BOKBAD nr 4 + SVØMMERNE = god kombo! (Vil du høyra starten av boka, bla til siste biletet) Knut’en og eg var på plass i god tid, overraska over LYS I LUFTA💛I mars ser me nok kvarandre når me badar, for første gong😉 25 stk forserte langgrunn strand for eit ekstra kaldt, ekstra godt bad. Nokre var raskt på land og andre landa i sjøen, ein god boost uansett💥💦 Så venta lesetimen i kaféen. SVØMMERNE, samfunnssatirisk og med mørk humor. Boka tek oss ned i eit underjordisk basseng, eit høgdepunkt i livet for mange av symjarane. NEDE er livet godt, betre enn der OPPE. Men ein dag vert ei SPREKK oppdaga i bassenggolvet. Mennesketypar og situasjonar vert karikert skarpt, varmt, sårt, vittig. Mangt til gjenkjenning - som resulterte i både latter og blanke augo. Nokre sitat: ~ De fleste dager legger vi bekymringene fra oss på land. Mislykkede malere blir elegante brystevømmere. Akademikere skjærer gjennom vannet som haier. De bekymrede slutter å bekymre seg. Sørgende enker legger sorgen til side. ~Det dårlige humøret letter, tics forsvinner, minner vekkes til live, migrenen avtar, og sakte tar stemmene i hodet til å stilne. ~ Der oppe, over oss er det skogbranner, smogalarmer, historisk tørke, papirstopp i printeren, lærerstreik, opprør, revolusjoner, men her nede… Boka handlar ikkje berre om bad, men etterkvart om ulike andre relasjonar, òg DEMENS, som Alice er råka av. Oppramsing av det ho hugsar vert kortare, og listene over det ho gløymer veks: ~ «Der oppe, sier hun, er jeg bare en av mange gamle damer. Men her nede, i bassenget, her er jeg meg selv» 📖💬🩱👙💦 BOKBADET tek 90 min. Frå eg lukkar boka til kaféen er tom går det ca 15 min. Stemninga og minglinga då er glitrande gull💛Alt var faktisk såre vel, med unntak av at min medbragte vaktmeister gløymte å låsa døra då me gjekk👣🔑 Eg gjekk sjølvsagt rett heim og pakka badebagen, klar for morgonsymjing dagen etter, kl 06. 30. Å vera i bassenget vert ikkje det same etter denne boka. . . #sørstrandfolkepark #florø #bokstavelegbokbad #mittflorø #svømmerne #julieotsuka #bokbad #lesogdel #høgtelsing #forlagetoktober #kaldebad #vinterbad #sirisoge #leseglede #badeglede #fjordkysten #byenflorø

3/1/2024, 5:35:35 PM

Dagens plan, utføra ærend i byen, ikledd solid regntøy og ryggsekk☔️ 📚levera bøker på biblioteket✔️ 💐kjøpa nye tulipanar mm✔️ ☯️vera beherska på Mammut-boksal✔️(foto nr 2) ⭐️Alice Winn. IN MEMORIAM Roman om kjærleik og krig, den beste boka eg har lese så langt i år! Ellwood og Gaunt går på eksklusiv privat kostskule i England. Gutane er i slutten av tenåra og hemmeleg forelska, men (slike) kjensler kan dei verken visa eller snakka om. Dei vert oppflaska på greske heltedrama og romantisk poesi – og trua på at krig er edelt og tøft. Å prøva å visa kjensler ved å sitera poesi er noko av det som bind boka saman og hjelper til overleving. Første verdskrig kjem og dei vert soldatar. Dei er ubudd og vert sjølvsagt skada på kropp og i sinn. Vil dei overleva, har dei ei framtid, som menn, medmenneske, partnarar? Winn baserer seg på ekte brev frå skyttergravene. Det er sterkt å lesa både om livet på skulen og i krigen, og ho er nokså suveren i skildringar av ulike folk, hendingar og dialogar. ⭐️Sigri Sandberg. RO. Om Sognefjorden og ein lang tur heim. Reiseskildring. Eg har lese boka, og Knut er nett ferdig. Han ytrar no ønske om roande sommarferie, eit teikn på at boka er interessant og inspirerande. Tanken på lang rotur ilag gir meg uRO… ⭐️Jon Fosse. VAKKERT. Eit skodespel. Om møtet mellom han som vart verande i bygda, som er ungkar og bur med mora, og barndomsvenen som flytta ut og er på ferie hos mora, med kone og dotter. Naustet. Fjorden. Båten. Tilbakeblikk, notid og sjølsagt repetitativt språk. Mykje sams med romanen Naustet. ⭐️Ørjan B. Karlsson. NATTEN REISER ALENE Velskriven Bodø-krim som eg levde meg litt inn i, utelukkande fordi eg var i Bodø i fjor. Det groteske og bestialske har eg heldigvis ingen erfaring. ⭐️Kamilla Danielsen. DISKOMUS PÅ VENTEVÆRELSET Roman om 34-årige Eivor, singel og med plenty ironi, indre kaosdialog, kjappe replikkar og ustabilt humør. Danielsen skildrar frustrasjon, sakn og søking i livet, har god menneskeleg innsikt og språk. Eg får ømheit for Eivor, kunne romma ho som venninne, men vert òg grådig utolmodig, irritert. . . #alicewinninmemoriam #diskomuspåventeværelset #jonfosse #bookstagramnorge #lesogdel

2/23/2024, 6:26:39 PM

Neidå, eg skulle IKKJE kjøpa fleire bøker denne vinterferien. På båten sørover rakk eg lesa den første medbragte boka, den mangfaldige, fine diktantologien «Så lett, så sterk, så øm. Feminisme i norsk poesi» Men så stakk eg innom ein bokhandel i Bergen, berre for å sjå (…) og klarte å fabrikkera gode grunnar til å kjøpa Thomas Espedal: «lyst (en forfatters selvbiografi) Han skriv så berikande og utforskande om å vera, vandra, reisa, leva - om barndom, ungdoms- og vaksenlivet. Ekstra interessant var det å lesa det han skriv om å skriva, og det var fint å lesa den i Bergen, sidan eg var på fleire av stadane han skildrar. Sjølv om det er vel mykje Tomas Espedal i bøkene, så vart eg ikkje lei. På første side i ei ny bok skriv eg alltid kvar og når den er kjøpt. I bokhylla heime fann eg to uleste bøker av Espedal, som har stått i bokhylla mi sidan hhv 2013 og 2015… Ergo var det bra eg kjøpte ei ny, så eg omsider fekk lese dei to hine, dvs den eine er tre bøker i eitt😉 Eg er i ei sitrande Espedal-boble etter å ha lese desse bøkene så fortetta. Dei nyaste bøkene er utvilsomt dei eg likte best, dei eldre vart tidvis for pratete. Uansett interessant å sjå korleis forfattaren har utvikla seg, og kva han klarer skapa av litteratur rundt mange av dei same fortellingane. ✔️lyst (en forfatters selvbiografi) (2023) ✔️imot naturen (2011) ✔️biografi (1999) ✔️dagbok (2003) ✔️brev (2005) Den første boka eg las av han vart omtala som «en sjelden og vidunderlig blanding av selvutleverende bekjennelser og saktegående reiseskildring» og har ein av dei finaste titlene eg veit om. Det er òg den boka hans som har gitt meg mest, og som eg har lese flest gonger og gitt bort til fleire: ✔️«Gå. Eller kunsten og leve et vilt og poetisk liv» (Den fekk eg av @asetve - som har den herlege oransje kjøkkenveggen «lyst»-boka er avbilda med) Hytteferien er avlyst pga sjuk mann, så eg får nok lese fleire bøker, men det store målet er å få rydda og kasta i bod, skap og hyller… . . . #tomasespedal #gyldendal #leselyst #leseglede #lystenforfattersselvbiografi #lesogdel #imotnaturentomasespedal #gåellerkunstenåleveetviltogpoetiskliv #bookstagramnorge

2/22/2024, 4:42:17 PM

Fullt, men med plass på ventelista. EKSTRA VÅTT BOKBAD 🌟Når? Mandag 26.2.24 kl 19-20.30 🌟Kvar?Sørstrand Folkepark sin kafé 🌟Kva? Først (frivillig) felles bad. Deretter set me oss i kafeen, der peisen brenn og det vert høgtlesing frå SVØMMERNE av Julie Otsuka frå USA/Japan. Både framside, tittel og innhald passar godt til EKSTRA VÅTT BOKBAD. Den matchar til og med kunsten med den høvelige tittelen FLYTANDE, som eg sparte til mitt første halve år som lærar😊 🌟Pris? Kr 50,- (til kaféleige, resten vippsast til Leger uten grenser, ) Varm drikke med påfyll, kr 20,- Meld deg på til Siri. NB! Plass bekrefta når du har vippsa kr 50,- til 415 65 983. 25 plassar👙💦💫☕️🔥📖 . . . #bokstavelegbokbad #mittflorø #svømmerne #julieotsuka #bokbad #lesogdel #høgtelsing #sveinungiversen #forlagetoktober #kaldebad #vinterbad #sirisoge #leseglede #badeglede

2/7/2024, 8:53:47 PM

NOBELT BOKBAD «Eg går ikkje ut lenger, ei uro er kommen over meg, og eg går ikkje ut.” Slik byrjar NAUSTET. Slik var ikkje stoda i den fine Sørstrand-kaféen siste mandagen i januar. På NOBELT BOKBAD dukka det opp 25 kvinner og to menn. Over 20 starta med eit bad, og det var inga uro å spora etterpå, under opplesinga av Jon Fosse sin roman. Ei øsen badeplapring gleid over i stilla. Folk sat tett i tett med kakao i kruset, dei nybada med endorfin og adrenalin i blodet, og etter kvart seig nok effekten av oksytocin over oss alle, pga den gode, sosiale fellesskapen. Med skrekkblanda fryd budde eg meg til denne lesinga. Fosse er jo ikkje berre nobelprisvinnar, han er harding som meg, og me har begge gått på sjølvaste Rossvoll, Øystese gymnas. I motsetnad til andre verk av Fosse har NAUSTET mange punktum, men òg gjentaking, gjentaking, gjentaking. Lengre og kortare setningar flyt over i kvarandre. Fortid og notid flyt over i kvarandre. Personar og hendingar flyt over i kvarandre. Teksten er suggererande og kastar ein ut i ein malstraum. «Det er så fint å bli lesen for at eg nesten får tårer i augo» sa nokon etterpå, og seint på kveld tikka denne meldinga inn: «Takk! Det kjendest som om eg berre sat der i 10 minutt og høyrte på. Plutseleg var det gått ein time…» Der tek ho faktisk feil! Medan eg las om eg-personen, Knut’en, kona til Knut’en, dei to døtrene (ironisk nok er dette familien min òg: Knut’en og dei to døtrene) samt naustet og fjorden, så gjekk tida frå oss. Fosse trollbatt oss, heilt til Knut’en diskret sette seg på huk framom meg og sa «Unnskyld Siri, men no har du lese i 70 minutt…» At folk spontant byrja å le og klappa fekk oss sakte ut av Fosse-fossen. Me rakk berre lesa til side 36, om lag 1/3-del. «Men korleis går det vidare då?!» undrast folk. Då eg nemnde at eg kunne låna vekk låneboka mi, kom tre av dei til ei ordning: den eine les boka og legg ho i den andre sin postkasse, som så legg boka i tredjemann sin postkasse. Sidan ho er naboen min kan ho legga den i postkassa mi. TIPS:-skodespelet VAKKERT (2001) og NAUSTET (1989) utfyller kvarandre fint uavhengig av rekkefølge #bokstavelegbokbad #jonfossenaustet #sirisoge #mittflorø #lesogdel

2/2/2024, 3:33:50 PM

. Sjå våren då, 25.1.24💚 Passande nok spela radioen ÅRSTIDENE til Vivaldi då eg køyrde til Førde for ein kontroll i føremiddag. Som bileta viser var det berre sommaren som mangla! Men, sidan det eigentleg er litteratur som er det sentrale her på @litt.ilag, kan eg melda at kiosken på Førde sjukehus sel klassiske, klissete legeromanar til spottpris, for den som vert mo i knea av slike. Eg gjekk ikkje på limpinnen, og gjekk heller innom den fine Lesekiosken ved elva og fann meg tre bøker, heilt gratis. . . . #fjordkysten #favoritt🌳 #eikefjord #rv5 #førde #sirisoge #lesekioskførde #lesekiosk #lesogdel #leseglede #vivaldiårstidene #murakami #theelephantvanishes #theitalianteacher #hvorbleduavbernadette #bookstagram #yrbilder #mittvestland

1/25/2024, 2:51:41 PM

. Olav H. Hauge atter ein gong: DETTE RAUDE ARET Dette raude aret i maska? Visst er det stygt. Men nyttig: Vêrhorn, radaskjerm, bulldozar, stubbebrytar, skjermfangar - alt etter kven du har for deg. 🗣️Diktet vart mitt i 1996, etter vellukka kreftoperasjon og fjerning av skjoldbruskkjertlane. Dette gav meg eit «kniven på strupen»-arr. Ei dryg veke etter operasjonen var det nyttårsafta og fest hos vener. Eg hadde bandasje på halsen, og ein 7-åring spurte nyfiken: - Skrudde dei av deg heile hovudet? Eg var redd for om inngrepet ville skada stemmebanda, fersk lærar og avhengig av stemma som eg var. Dèt skjedde ikkje🙏 🗣️ Stemma har halde seg god i snart 30 år. Som lærar, og med relativt fersk hobby som Shared Reading-leseleiar, Bokbadar og opplesar er eg SÅ takksam for det! Eit sitat frå epikrisa etter nylege døger på isolat, med korona og kraftig infeksjon i halsen, gjer meg ekstra glad: - Sjølve stemmebanda er slanke og fine. Eg går ut av komfortsona og deler nokre filmsnuttar av stemma og meg, frå: 🗣️ OperaVors, der eg las utdrag frå Jostein Avdem Fretland si omsetjing av Pucchuni sin La Boheme til nynorsk. Operaen vart sett opp denne veka her vest. 🗣️då @publizm bad finalistar i novellekonkurransen i -22 om å senda fire filmsnuttar 😱 🗣️snap til døtrene frå mora på isolat, intern greie😁 Og forresten: 🗣️🪑📖 Ledige plassar på SHARED READING mandag 5.2 kl 19-20.30 🗣️📖👙💦 NOBELT BOKBAD på Sørstrand mandag 29.1 er fullt, men skriv deg gjerne på venteliste . . #florø #stemmebandglede #sharedreadingsiri #lesogdel #høgtlesing #leseglede #olavhhauge #dettearaudearet #biblioterapi #opera #operakysten #skrivesiri #sirisoge #thyroid #labohemepuccini #labohemepånynorsk #pucchini #opera #høgtlesing #publizm #helsefremjing #nynorsk

1/21/2024, 2:28:34 PM

LUKE 18: 📚Les og del - Shared reading📚 Shared reading er en halvannen time der man skal undre seg og lese sammen. En lesegruppe for alle, uten krav om forberedelser. Leseleder leser en novelle uten å gi informasjon om hvem som har skrevet den. Deretter stopper man underveis og snakker om det man har hørt. Samtalen åpner for nye perspektiver og der leseopplevelsen er det viktigste. Man trenger ingen forkunnskaper og det er ikke et krav at man må delta i samtalen. Gjennomføres på biblioteket, helt gratis, ingen påmelding og for alle. Ta kontakt med Holmestrandbiblioteket, eller søk opp Shared reading på bibliotekets nettsider og/eller Facebook-side for mer info❤️ (sveip til høyre for bilder) Foto: Holmestrand kommune og freepik #levehelelivet #levehelelivetholmestrand #julekalender #sharedreading #lesogdel

12/18/2023, 8:00:00 AM

Fin stund med Shared Reading på Deichman Torshov i dag. Vi leste novellen «Ved Sydvest stasjon» av Dorthe Nors og et dikt fra «Hvordan visste du at jeg var her?» av Åse Ombustvedt. Det ble myldrende samtale om trappeoppganger, livet bak lukkede dører, dørskilt, gummiskjelett, kikkhull, hjelpesystemer, hvilke tenner en bør miste og hvilke en bør beholde og hva kjærlighet egentlig er. Fin og givende stund hvor alle, hvert på sitt vis, bidro med lytting og ord til fellesskapet. En av deltakerne sa det så fint, «Det er jo forsket på dette med Shared Reading, at når vi er her sammen, så skjer det jo så mange koblinger som ellers ikke ville ha skjedd, og det fordi vi møtes over teksten, kaffe og noe å bite i». Takk til @kirstenmuhle som introduserte meg for Nors på leselederkurset. Gleder meg til nye lesestunder i 2024. #sharedreadingnorge #sharedreading #litterærtpusterom #lesogdel #redaktørliv #deichmantorshov

11/28/2023, 8:43:38 PM

MØRKETID MED LESESTUND OG LAUGING 🌟Når? Mandag 18.12 kl 19-20.30 🌟Kvar? Sørstrand Folkepark sin kafé 🌟Kva? Først (frivillig) felles bad. Deretter finn me varmen i kafeen. Peisen brenn og det vert høgtlesing av GAVE, Gro Dahle si diktbok. 🌟Pris? Kr 50,- (til kaféleige, resten til Leger uten grenser) Varm drikke med påfyll, kr 20,- 🌟Har du ikkje du har tid den veka, seier du? Gi deg sjølv ei gåve på 90 minutts nærvær, der du kan ta julebadet og senka pulsen i fint fellesskap. Adrenalin og endorfinar friskar opp kropp og sjel, og høgtlesing er som spa for hjernen. PS: sist gong kom det 18 kvinner og menn. Imponerande 16 av 18 bada☺️💦💫 Meld deg på til Siri Bjorstad Hjermann 415 65 983. Det er plass til ca 25 stk.📖👙💦💫☕️🧑‍🎄 Velkomen! . . . #bokstavelegbokbad #sørstrandfolkepark #vinterbad #høgtlesing #mittflorø #fjordkysten #levvel #firdaposten #grodahlegave #lesilag #florø #lesingoglauging #lesogdel #glimmer #kaldebad

11/27/2023, 7:03:54 PM

I går var ein dag i flyt. Først i sidelengs flyt då eg tryna på glatta, kneet skrapa i asfalten og bringa knalla mot sykkelstyret. Sidan flaut tida i SKUMRINGSTIMEN, eit arrangement i høve Nordisk leseveke. Mellom 19-20 vart det i heile Norden lese frå STARGATE av Ingvild H. Rishøi. Kafeen på Sørstrand var fylt av 18 frammøtte, av flyt og ro, ein fin fellesskap. Det er ingen tvil: vaksne likar òg å bli lest for! Etter lesinga flerra folk av seg kleda. Iført ullsokkar, neoprensokkar og minimalt anna strena 16 av oss ut i sjøen, flytande under stjernene, med himmelen som tak🌟Latter, glede, paniske gys og salige sukk. Fleire er habile heilårsbadarar, men ei venninne debuterte i kald sjø i går. Kudos! Som siste biletet viser gjekk eg heim i mørket bak to med hodelykt. Finalen kom då eit stjerneskot flerra himmelen, ein meteoritt i flyt sette utropstegn for kvelden. Snakk om STARGATE! Amen🙏 KONKLUSJON: BOK OG BAD = SUKSESS! . 📸 @barbro_f og underteikna . #bokstavelegbokbad #nordisklitt23 #florø #stargate #ingvildhrishøi #sørstrandfolkepark #lesogdel #leseglede #stargateenjulefortelling #høgtlesing #lesestund #flyt #fellesskap #heilårsbading #lesmeir #bokelskar #vinterbadning #kaldebad #sharedreadingsiri #mittflorø #bokogbad #foreningennorden #firdaposten #mittvestland

11/14/2023, 6:54:02 PM

. S K U M R I N G S T I M E N 🌟Når? Mandag 13.11 kl 19-20 🌟Kvar? Sørstrand folkepark sin kafé 🌟Kva? Foreningen Norden arrangerer mandag Skumringstimen, som del av Nordisk litteraturveke. Dette er ei lesestund med høgtlesing, der tidspunkt og tekst er felles i Norge, Sverige, Danmark, Finland og Island. Tema er Jul i Norden, og boka er av Ingvild H. Rishøi: STARGATE ~ en julefortelling. Kanskje synes du som meg at det er for tidleg med juleditt og juledatt i midten av november? Sjå likevel føre deg dette: det knitrar i peisen, du landar på ein stol, du vert lesen for, du nippar til varm drikke, får låge skuldre og kvilepuls på kjøpet. Bonus? Om du vil, bli med i eit bad i sjøen etterpå, under stjernene👙💫 🌟 Pris? Gratis. Varm drikke kr 20,- Vipps gjerne ein sum til UNICEF: 77740 ☎️ Meld deg på til Siri Bjorstad Hjermann på SMS 415 65 983, det er plass til ca 20 stykker. Velkomen! . . . #lesogdel #sørstrandfolkepark #florø #mittflorø #fjordkysten #firdaposten #ingvildrishøi #stargateenjulefortelling #leseglede #foreningennorden #sharedreadingsiri #kaldebad #vinterbading

11/7/2023, 6:22:14 PM

📚NOVEMBER📚 Inspirert av @emilie.leser har eg stava november med boktitlar. Ei blanding av skjønnlitteratur og sakprosa, bokmål og ikkje minst nynorsk. Boksidene er tilfeldigvis i haustlege fargar, supplert av den siste rosa frå hagen. 🍂 N ~ NINKOLAI. Bjarte Daviknes Klakegg 🍂 O ~ OKTOBERSONG. Øystein Hauge 🍂 V ~ VERBENE SOM BEVEGER VERDEN. Bård Borch Mikalsen 🍂 E ~ EITRANES. Lars Ove Seljestad 🍂 M ~MINNER OM FREMTIDEN. Siri Hustvedt 🍂 B ~ BITTERSWEET. Susan Cain 🍂 E ~ EGNE HJEM. Kristin Valla 🍂 R ~ REFERENGER. Pedro Carmona-Alvarez (som nyleg vann Riksmålsforbundets Litteraturpris!) 📚Har du lese nokre av desse? 📚 #leseglede #lesogdel #skjønnlitteratur #lyrikk #sakprosa #nynorsk #stavmånedenmedbøker #bokbilete #bokbloggar #bookstagram #bokglede #boktips #bokelskar #lesmeir #ninkolai #oktobersong #verbenesombevegerverden #eitranes #minneromfremtiden #bittersweet #egnehjem #refrenger #sirihustvedt #susancain #kristinvallaegnesteder #larsoveseljestad #øysteinhauge #bjartedaviknesklakegg #bårdborchmichalsen #pedrocarmonaalvarez

11/3/2023, 8:35:02 PM

Litterær samtale i Løa på @jakobsandesenteret 12.8.23 mellom @britbildoen og @gurisheim. Tema: klimakrise og miljøvern, om hemnmotiv og naturens hemn/trussel, ulv og villrein, familie og kontorfellesskap, om korleis skjønnlitteratur kan handla om høgaktuelle tema, skapa engasjement og refleksjon, vera underhalda og «tetta hol» i litteraturen. Endeleg har eg lese begge bøkene og vil definitivt tilrå dei! ⚠️⚠️⚠️⚠️⚠️⚠️⚠️⚠️⚠️⚠️ ⚠️Sagt om GULT FAREVARSEL: «Familiedrama om VÅR PLASS I NATUREN. Det bryggjer opp til STORM i det Dorte kjem til Innsetra, ein intim og luksuriøs gjestegard langt til fjells. Her har ho planlagt ei spesiell gullbryllaupsfeiring for foreldra og invitert med tvillingbroren, søstera, mannen og hunden deira, Laban. Allereie da ho kjem fram, angrar Dorte på at ho har samla familien her, seint i oktober. Så bryt UVÊRET laus, eit JORDRAS sperrar av området og familien blir stengd inne på setra saman med to ruskete jegerar. Lite anar Dorte at raset berre er den første av ei rekkje hendingar som denne familien aldri kjem til å gløyme» ⚠️Sagt om HØGFJELLSMELDINGA: « ein poetisk pageturner om kontorliv, naturrestaurering og radikale meiningar, hemn og usynlege drivkrefter. Ragna får jobb som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn, og vil starte eit nytt liv. Snart får Ragna i oppgåve å skrive ein NOU-rapport om villreinen og FJELLET SI ETISKE STEMME. Ho ser for seg eit modig dokument med politisk sprengkraft. Kven er FJELLET SINE HELTAR OG SKURKAR? spør ho og lanserer eit upopulært svar. Ei anonym TRUSSELMELDING dukkar opp - er ho trygg på kontoret, trygg i eigen heim?» . . #klimalitteratur #lesforlivet #gultfarevarsel #hjerkinn #høgfjellsmeldinga #lesogdel #deltlesing #litteraturforalle #leseglede #leselyst #fellesskap #høgtlesing #livsglede #lesesirkel #biblioterapi #lesforlivet #engasjement #bookstagram #samlaget #forlagetoktober

10/21/2023, 12:49:31 PM

Å møtes og å lese for andre er gull. Jeg føler meg alltid rikere som menneske etter en økt med Shared Reading, og en enorm takknemlighet over å få lede en slik økt og møte menneskene som kommer fra gang til gang på @deichmantorshov . Like og ulike, noen sier mye, andre sier lite og noen sier kanskje ingenting, men vi er sammen om teksten. Vi ler litt, smiler og blir berørte på ulike vis - og vi kjenner oss kanskje litt igjen i teksten også. Novellen denne gangen var «Dukkehuset» av Tove Jansson og diktet «Eit vegkart» av Bente Bratlund. Teksten ble opprinnelig utgitt i 1979 - og er interessant på mange måter. Ikke bare på grunn av tittelen, men også fordi Aleksander og Erik som bor sammen, begge er blitt pensjonister og nå må fylle dagene sammen. Bratlunds dikt passet godt til teksten og som en kontrast og pust til det som virkelig «betyr noe». #sharedreading #samlesing #lesogdel #litterærtpusterom #redaktørliv #leseopplevelser #sharedreadingnorge @bladkompaniet @bentebratlund @heinesenforlag

10/17/2023, 4:19:20 PM

«Eg er overvelda og noko skremt» seier Jon Fosse i dag, etter at han vann Nobelprisen i litteratur. Det er berre å gratulera Jon Fosse, nynorsken, Vestlandet og Hardanger, - bøya seg i det raslande haustlauvet, og lesa vidare! Då meldinga nådde meg hadde eg akkurat kjøpt OSKESPIRALEN av Leander Djønne. Eg gjekk sporenstreks tilbake til Norli og bytta den ut med DET ANDRE NAMNET. I år tjuvstarta eg haustferien, og tok første båt sørover. 🍃🍂☀️Sola skin over Bergen, eg ruslar rundt og opp og ned asfalt og brostein blant byduer, byhus og folk, på lykke og fromme. Idun var «i felt», så eg stilte opp med kaffi og lot meg intervjua av geografistudenten. Det er så fint å ha god tid, setja seg på ein benk og lesa Fosse, glana på ukjende folk, slentra innom Bergen Kunsthall, bli berørt og utfordra av utstillingane Glowing Phalanges og Trash The Musical. Det er tid for påfyll, så nett no er det borte bra, seinare vert det heime best👌 Straks ventar middagsdate og AMADEUS på Det Vestnorske Teateret. Er du klar? @asetve 🎭🎶😀 . . . #nobelprisenilitteratur2023 #jonfosse #hardanger #leseglede #lesogdel #samlaget #sirisoge #nynorsk #denmådulese #bookstagram #bergenkunsthall #bergen

10/5/2023, 4:04:01 PM

Påfyll med min første Shared Reading-økt på @deichmantorshov i dag som leseleder. Vi leste og snakket om novellen «En del tid» fra boka Palliasjon av Kjersti Bergersen (@aschehoug, 2022), etterfulgt av diktet «Hvor hadde vi det fra?» av Kolbein Falkeid. Samtalen ble preget av både overraskelsene vi møtte underveis, maktforhold, å ta tilbake livet når vi har opplevd eller gjort noe forferdelig, håp, normer i samfunnet og ikke minst orkideer. Disse orkideene er sterke, det er vi mennesker også, og i likhet med dem trenger vi ikke alltid så mye næring før vi begynner å reise oss igjen. Vi konkluderte vel med at de var et godt symbol på det meste vi hadde snakket om - håpet og sjansen til å få starte på nytt. #sharedreading #samlesing #lesogdel #litterærtpusterom #redaktørliv #leseopplevelser #sharedreadingnorge

10/3/2023, 11:29:42 PM

. SAKPROSASEPTEMBER 🍃🍂📚 Malin aka @readygoread gir boktips året rundt, ho frontar og diskuterer litteratur, og spreier LESEGLEDE, LESELYST. Frå 1.9.-15.10. arrangerer ho LESEUTFORDRINGA #sakprosaseptember 📚Med dette ynskjer ho å «bidra til et miljø for sakprosaen og skape leselyst for disse bøkene.» Eg vert inspirert til å lesa bøker eg vanlegvis ikkje hadde interessert meg for. I år grua eg meg til september. Eg har lenge vore oppslukt av mursteinsromanar, fortapt i ulike hundreår, skjebnar og verdsdelar, men òg forgapt i kvalpen Kerstin Ekman skriv fram i den vesle, vakre romanen HUNDEN. 🍃🍂📚 September kom, og skjønnlitteraturen måtte vika for sakprosa. All ære til Malin for alt eg har lese, lytta til og lært så langt. Eg held på med bok nummer sju, og fyller ut stadig fleire kategoriar på bingoarket: * om naturen * om ein minoritet * om klima * om språk * av norsk forfattar * av kvinne * biografi/memoar * historisk * essaysamling No les eg DERFOR MÅ DU VITE AT JEG ER SAME av Ella Marie Hætta Isaksen. Med den krysser eg av på kategoriane «om minoritet, av kvinne, historisk» og vert stadig klokare. Sleng deg med, det er framleis veker igjen 🪑☕️📖 . . #sakprosaseptember2023 #sakprosaseptember #readygoread #leseglede #lesilag #foreningenles #lesforlivet #lesogdel #litteraturforalle #sirisoge #sharedreadingsiri #leselyst #lesetips #bookstagramnorway #detmådulese #boktips

9/15/2023, 1:26:36 PM

I dag er det oppstart av høstens Les og del som er et frivillig verv for Fjorden Sanitetsforening. Jeg gleder meg veldig til å lese sammen med andre igjen, etter et opphold i ferien. I dag blir det en novelle av en favorittforfatter Lucia Berlin, og dikt av Wislawa Szymborska - hør (les) bare på åpningen: Uoppmerksom. Ille tedde jeg meg i kosmos i går. Jeg levde et helt døgn uten å stille spørsmål, og undret meg ikke over noe. (Mon tro hva dette setter i gang hos gruppen). #sharedreadingnorge #uoppmerksom #eislawaszymborska #luciaberlin #lesogdel #deltlesing #fjordensanitetsforening

8/24/2023, 9:39:50 AM

FREDAG&SITAT. Onsdag var eg endeleg tilbake på Dagsenteret! Sist gong var det februar og snø, no var det full vår og varme. Stova var tom, men eg fulgte skravling og fann dei raskt, sitjande i hagen under fjonge hattar som skåna mot sola. Lysegrønt lauv hadde lirka seg ut på greinene, fuglane kvitra og putra, og eg vart møtt med glade vink og store smil💛 Tre damer og ein herre slo følge med meg inn på kontoret, gjensynet var varmt og fint. Etter mykje prat og gode historiar las eg diktet «Sølepytt» av Wislawa Szymborska. Planen var at eg skulle lesa det to gonger, men knapt var eg ferdig første gongen, så kom replikkane: N: - For eit forferdeleg dikt! E: - Eg har alltid likt å hoppa i sølepyttar! M: - Skreiv ikkje Prøysen ein song om ein sølepytt… Bispegata? O: - ……. Dette er eit så godt døme på lesing etter Shared Reading-metoden. Den eine har eit kjensleutbrot eller reaksjon. Den andre får liv i erfaringar og minner. Den tredje assosierer til annan tekst og den fjerde, ja han teia, men lytta oppmerksomt. I kjølvatnet av dette vikla me oss inn i kvarandre sine tankar og historiar. Eg fekk høyra om N som hadde fem søstre, men òg hadde hatt ein bror. Han vart sjuk, og dei sende bod etter lege. Det var krig, og tyskarane nekta legen å dra. Då han endeleg fekk lov, og kom til gards, rakk han berre få den vesle guten i armane før han døydde. Dette var første gongen ho såg ein mann, legen, gråta. -Eg skulle òg hatt ein bror, sa M, men han vart fødd utan liv. Det tok mange år før mor våga få barn, men ho fekk til slutt tre døtre. Vidare gjekk praten innom å bera det ein må bera, at dei før var jordnære og hardtarbeidande, med ansvar for dyr. E fortalde ei søt historie om eit barnebarn, og eg siterte min 5-åring på skøyteisen ein gong: ❤️For det er så gøy å leve, sammen på vår jord❤️ Sorger og gleder❤️ Fellesskap . . . #wizlawaszymborska #sølepytt #liveterdenenestemåten #fredagogsitat #lesforlivet #lesogdel #deltlesing #Florø #sharedreading #litteraturforalle #eldreomsorg #sharedreadingsiri #leseglede #leselyst #helsefremjing #fellesskap #høgtlesing #livsglede #lesesirkel #mentalhelse #biblioterapi #lesforlivet #LØFTBLIKKET #folkehelse #alderdom

4/21/2023, 9:09:03 PM

. I snart 50 år har eg med stor glede lese bøker, ÅLEINE. Å lesa SAMAN med andre i Shared Reading-lesegruppe har eg gjort i 1.5 år, og det gir stadig meir glede, større meining, utvida forståing og eit herleg fellesskap. Me ser og vert sett, snakkar og vert lytta til. Godt for sjela, godt for hjernen! Veka har vore ekstra bra, mandag var det lesestund på biblioteket, og fredag morgon kl 08 starta eg planleggingsdagen med lesegruppe på jobb. Eg takksam for at leiinga ser verdien av denne estetiske lesinga! Eg gler meg alt til neste SR på biblioteket, 13.2. På nyheitene i kveld snakka forresten Johann Hari om dei mange og store ulempene med multitasking. Som regel er det vanskeleg å legga mobilen vekk, og det ER befriande at lesestundene er mobilfrie. . . #lesforlivet #lesogdel #deltlesing #Florø #sharedreading #litteraturforalle #samspel #sharedreadingsiri #leseglede #leselyst #helsefremjing #fellesskap #bibliotek #leslesles #høgtlesing #livsglede #lesesirkel #mentalhelse #biblioterapi #lesforlivet #LØFTBLIKKET #folkehelse

1/29/2023, 8:08:19 PM

FREDAG&SITAT. Utsikta frå trappene på Dagsenteret er som eit måleri, og timen eg er i lag med min vesle gjeng på 80~93 år, litt livskunst. Me pratar, diskuterer, lyttar, ler og berører. Saman hugsar me, gløymer, tørkar ei tåre, slepper ut ein høg lått, er stille. «Eg bur åleine, og kveldane går sakte. Det er keisamt, tida står jo nesten stille. Men no har eg fått så mykje å tenka på!» Det var hennar første dag på Dagsenteret. Ho lytta og fortalde med heile seg, med glimt i augo og kvikke replikkar, ei sosial dame som liva opp oss alle fem, og fekk den mest stille og sky av oss til å prata meir enn nokonsinne. SAMSPELET er vakkert, rett og slett! Me las «MOR SI GRAV» av Cecilie Seiness, teksten opna for samtale og minner hos alle. Ein velskriven tekst som traff noko i oss alle. Eg-personen er på førjulsbesøk heime i Jondal. Ho ruslar rundt på gravplassen, som ho etterkvart samanliknar med å gå på «Koopen». Begge stader treffer ho gamle kjende. Eg fortalde om min første jobb, som 5-åring: hotellet der eg vaks opp var næraste nabo til kyrkjegarden. Minnestunda var ofte hos oss. Ved gravferder såg eg ut vindauge på badet, og når kista var i jorda sprang eg til pappen med den viktige bodskapen: Heis flagget! ⛪️🔔🇳🇴 Sist veka las me «EIN MOTIG MAUR» av Tarjei Vesaas. Forunderleg nok let me oss fascinera av novella om denne modige, sinte og sta mauren. Det viste seg òg at me alle kunne kjenna oss igjen i den, sånn eller slik. Då ein tilsette seinare spurde kva me hadde drive med svarte den einaste hanen i flokken kjapt: «pissemaur!» og gliste. 🐜 . . . #fredagogsitat #lesforlivet #lesogdel #deltlesing #Florø #sharedreading #litteraturforalle #samspel #eldreomsorg #sharedreadingsiri #leseglede #leselyst #helsefremjing #fellesskap #bibliotek #leslesles #høgtlesing #livsglede #lesesirkel #mentalhelse #biblioterapi #lesforlivet #LØFTBLIKKET #folkehelse #alderdom #einmotigmaur #tarjeivesaas #morsigrav #cecilieseiness #mittflorø

11/25/2022, 9:46:17 AM

Med det været vi har denne uka, er det ekstra trivelig å kunne tilby et litterært pusterom på biblioteket. Velkommen til en hyggelig og uformell samling onsdag kl. 17.30! #porsgrunnbibliotek #porsgrunnkommune #litterærtpusterom #lesogdel

11/22/2022, 9:59:26 PM

. «Det er dumt at eg er så dårleg til beins, men hovudet er det heldigvis ikkje noko gale med!» ~ sitat Edel-mammo, som på det tidspunktet var godt over 80 og i mange år hadde hatt demens, eller skiftande skydekke, som me døtrene likte kalla det.⛅️ Ho smila trøstande då ho sa det, og eg kunne ikkje anna enn å bifalla. Ho såg på meg, og sa inderleg, og dette var noko av det beste ho sa på repeat: «You are my Wonder daughter!» Heilt til det siste kjende ho oss igjen ~ for eit privilegium ~og gjentok stadig setninga til oss tre døtrene, noko me ikkje gjekk lei av. PS: vil du høyra mammo resitera dikta DIN VEG av Olav H. Hauge og Å ELSKA av Alf A. Sæter, kan du sjå og høyra dei på to Reels eg har lagt ut nyleg. At det siste diktet er spela over 50 000 gonger er heilt utruleg! Det varmar, men ikkje like mykje som då eg sat med henne og demensen, og ho resiterte❤️ «Mormor hadde likt å bli kjendis», sa dotter mi😊 ❤️Servert på eit sølvfat hotellvertinna Edel i mange år serverte gjestene med, gir eg deg i dag desse tre tankevekkande, såre, lune og vakre diktsamlingane, som på kvart sitt vis tek oss med inn i ei verd prega av gløymsle: ❤️UTAN DEKNING ~ Sondre H. Bjørgum ❤️DET ANDRE BLIKKET ~ Odveig Klyve ❤️ JEG GÅR I SORG ~ Rune Christiansen Når eg stokkar om på titlane, vert det fine dikt. . . #demens #edelmammo #lesforlivet #lesogdel #deltlesing #sharedreading #litteraturforalle #folkehelse #sharedreadingsiri #leseglede #leselyst #helsefremjing #fellesskap #bibliotek #leslesles #høgtlesing #livsglede #lesesirkel #mentalhelse #biblioterapi #alfasæter #åelska #olavhhauge

11/12/2022, 11:47:59 AM

. FREDAG&SITAT, sagt etter ei lesestund: «Det er faktisk noko magisk med dei timane» ~ eg er heilt einig i meldinga eg fekk. Slik lysa på biletet flerra opp mørket på fotballbana ein oktoberkveld, slik spreier samtalane på ei Shared Reading-lesegruppe lys. Dette lyset når fram til krokar med gamle minne og erfaringar, skin på nye refleksjonar og innsikt, kastar glitter over felleskap og samvær, får tankar som ulmar til å slå flamme og nye perspektiv til å gløda. Å samlast rundt eit litterært leirbål saman med kjende og ukjende er heldigvis noko eg stadig får gleda av. Det finst nokre fellestrekk mellom Shared Reading og det spelarane på fotballbana gjer, der dei sparkar ballen rundt på matta, sentrar, driblar, leikar, spelar kvarandre gode og utfordrar⚽️🥅 VELKOMEN - mandag 14.11 kl 19 er neste lesestund. 🪑💬☕️📚🔥 . . . #fredagogsitat #lesforlivet #lesogdel #deltlesing #sharedreading #litteraturforalle #sharedreadingsiri #leseglede #leselyst #helsefremjing #fellesskap #bibliotek #leslesles #høgtlesing #livsglede #lesesirkel #mentalhelse #biblioterapi #lesforlivet #florø #litteratur #nynorsk #bokmål #leseliebe #løftblikket

10/28/2022, 6:56:47 PM

. «Vi dro opp med mor» ~ Karin Smirnoff si andre bok i triologien om Jana Kippo er like rå, svart, voldsom, øm, provoserande og fascinerande som bok 1 «Jeg dro ned til bror» Då eg først vart sugd inn i albinotvillingane Jana og Bror sitt kronglete og traumatiserte univers, vart eg trollbunden, litt besatt. Dette er fantastisk litteratur, og det var vanskeleg å legga frå seg boka på hytta! Smirnoff har sine eigen skrivestil, språket er originalt og litt utfordrande i starten, men deretter berre til fryd! Les og oppdag sjølv! Bak ei bok står mange tre og ein god forfattar. 📕🌲🌲🌲 Som med menneske, er trea utsette for ulike skjebnar - noko desse bileta frå hyttehaustferien vitnar om. Tre i sol og måneskinn. Tre og menn med motorsag. Tre med årets første snø. Tre som brenn og varmar. Tre og utedo. Rake tre. Forblåste tre. Tre som dissar haustfallande lauv. PS: trykk gjerne på lenka i bioen, og les om mannen med motorsaga, i diktet MOTORSAGKYSSET, inspirert av mannen og motorsaga på hytta i sommar🪚😘 PS PS, eit dikt eg er glad i: Trær Jeg vet at jeg får aldri se et dikt så herlig som et tre. Et tre som presser, tørst og tyst, sin munn mot jordens fylte bryst, og ser mot Gud, – en ask, en lønn, med hender hevet som i bønn. Et tre som bærer, høst og vår, en sangfuglrede i sitt hår, og favnen ømt av sne og regn med allnaturens elskovstegn. Et dikt som lages av enhver, men bare Gud kan dikte trær. Joyce Kilmer, gjendiktet av André Bjerke . . . #buvatn #blingsmoen #karinsmirnoff #vidrooppmedmor #bonniernorskforlag #leselyst #lesforlivet #lesogdel #debatt #roman #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #lesesirkel #leseglede #litteraturforalle #folkehelse #diktpåbokmål #diktpånynorsk #leslesles #bookstagramnorway #bedremedbok #readygoread #boktips #bokblogg #skrivesamfunn #treblirbok #skrivesiri #pendelen #nynorsk

10/19/2022, 7:28:58 PM

FREDAG&SITAT, sagt/ytra etter ei lesestund: «👏👏👏👏👏» Bileta er frå morgontur på hytta ved dagens soloppgang. Koppen var full av kaffi, på returen var både kopp og lommer (!) fulle av frosne tyttebær. Hadde det ikkje vore knall med Shared Reading her, i denne sirkelen ved Buvatn?! Mandag sat me 11 rundt eit bord, samla rundt Vesaas-novella EIN MOTIG MAUR og Gro Dahle sitt dikt NOEN DAGER OG ANDRE DAGER. Det var fascinerande kor mykje me fekk ut av novella, å lesa om den utvalde mauren og andre maur og småkryp gav overraskande blikk på det å vera menneske. Diktet supplerte fint, opna for tankar om tap, kva ein òg kan få gjennom tap, gjennom å mista, og gleda ved det ein kan finna. 🐜🐜🐜🐜🐜🐜🐜🐜 Litteraturen er fantastisk slik, korleis den kan utvida perpektivet og gi ny oss forståing for oss sjølve og andre. Latteren kraup rundt bordet fleire gonger, av det absurde ved teksten. Eg trur ikkje eg var åleine om å gjenkjenna nokre kjipe sider ved meg sjølv. Ei god lesestund er verkeleg ei hjelp til å LØFTA BLIKKET, sjå kvarandre og seg sjølv. Å studera ei maurtue i dag var absolutt ikkje det same som før mandag😊 Tilbake til ytringa/sitatet. Då eg avslutta lesestunda mandag kom det spontan applaus, eit tydeleg teikn på kor kjekt og interessant me hadde hatt det. Takk👏 . . . #fredagogsitat #lesforlivet #lesogdel #deltlesing #Florø #sharedreading #litteraturforalle #sharedreadingsiri #leseglede #leselyst #helsefremjing #fellesskap #bibliotek #leslesles #høgtlesing #livsglede #lesesirkel #mentalhelse #biblioterapi #lesforlivet #LØFTBLIKKET #einmotigmaur #tarjeivesaas #vesaas #noendagerogandredager #grodahle #usnorwegians

10/14/2022, 1:17:47 PM

📖💬 FREDAG&SITAT, sagt etter lesestund: «Eg følte meg velkommen og til pass, kosa meg stort. Det var gledeleg at me var spreidd i alder, og moro at innfallsvinklane var så ulike. Fint at det ikkje var "press" på å seie noko, det trur eg gjer det enklare å melde seg på. Som du ser, eg kjem att og gleder meg til neste gang.» Mandag startar eg haustferien på beste vis, med Shared Reading. Alle stolane er reservert, og to nye har meldt seg på. Det er kjekt! Og så er det veldig kjekt med repeaters, folk som gledar seg til å koma igjen. Eg føler meg privilegert som får halda på med dette! Det er så kjekt og meiningsfullt å møtast rundt dei runde borda og bryta meiningar, utforska tekstar ilag og trekka inn noko frå eige liv kanskje, som er relevant. Når me er i gang har eg så god ro, og kjenner korleis det å lesa høgt for andre gjer meg godt òg. Denne herlege stripa fekk eg av ei venninne, som har invitert meg ut på vin etter lesestunda - gler meg🍷 . . . #fredagogsitat #lesforlivet #lesogdel #deltlesing #sharedreading #litteraturforalle #sharedreadingsiri #leseglede #leselyst #helsefremjing #fellesskap #bibliotek #leslesles #høgtlesing #livsglede #lesesirkel #mentalhelse #biblioterapi #WEFORGOTOURREADINGGLASSES #lesforlivet

10/7/2022, 10:24:01 PM

Ta en hyggelig pause fra gråværet og kom på Litterært pusterom i ettermiddag kl. 17.30! Lurer du på hvordan en slik samling foregår? Sjekk her: [https://www.youtube.com/watch?v=gl-WJ2pX3J8](https://www.youtube.com/watch?v=gl-WJ2pX3J8) Velkommen! #porsgrunnbibliotek #porsgrunnkommune #porsgrunnminby #litterærtpusterom #lesogdel #sharedreading

9/28/2022, 8:02:24 AM

. 📖💬 FREDAG&SITAT, sagt etter lesestund: (Haust og eplefoto frå Hardanger seint i august) Mandag opna sesong 2 av lesegruppe på biblioteket etter Shared Reading-metoden. Det var på høg tid, var det nokon som sa, (eg er SÅ einig!) og det var ei god stund, interessant og tankevekkande. Me var overbooka, men då ei melde fråfall var det stolar til alle, noko det alltid er! To av deltakarane var der for første og jfr dei sjølve, ikkje for siste gong. Då me avslutta, braut ei av dei nye ut med: «DETTE VAR SOM YOGA FOR HJERNEN!» Det er faktisk klare parallellar, i begge disiplinane førekjem/trengs ~ tolmod ~ statiske element ~ strekking, tøying - utfordringar, for tanke/kropp ~ oppstår ro, nærvær og ~ kontakt, med seg sjølv/andre ~ noko å læra ~ engasjement ~ ro ~ påfyll ~ ønske om meir ~ godt samvær Me las to MARIE-tekstar, som på ulikt vis handla om sterke kvinner som vert svake og reiser seg igjen, mange gonger om det trengs: 📍 Du burde skamme deg- novelle av Marie Aubert 📍Å reise seg - dikt av Marie Takvam. Evig takk til @kirstenmuhle aka @litteratur_for_alle som fekk meg med på dette spennande, kjekke, utviklande og meiningsfulle laget! . . . #marieaubert #marietakvam #fredagogsitat #les #lesforlivet #lesogdel #deltlesing #fredagogsitat #sharedreading #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #sharedreadingnorge #mentaltsilkeføre #lesesirkel #leseglede #leselyst #litteraturforalle #sharedreadingsiri #nynorsk #livsmeistring #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #fellesskap #bibliotek #novelle #dikt #leslesles

9/16/2022, 11:54:55 PM

LITTERATURENS ETIKK ​​​​​​​​ ​​​​​​​​ Litteraturens etikk. Følelser og forestillingsevne. ​​​​​​​​ "Hvis den litterære forestillingsevnen utvikler medlidenhet, og hvis medlidenhet er en grunnleggende forutsetning for ansvarlig samfunnsdeltakelse, er det gode grunner til å undervise i verker som fremmer de formene for medlidende forståelse vi ønsker og trenger". ​​​​​​​​ ​​​​​​​​ #demokrati #borgerskap #likeverd #sharedreading_norge #lesogdel #deltlesing

9/15/2022, 9:00:29 PM

Unn deg selv et litterært pusterom! Onsdagskveld kl. 17.30 i biblioteket. Gratis. Litterært pusterom er en drop-in høytlesningslesesirkel med enkel servering. #porsgrunnbibliotek #litterærtpusterom #lesogdel #sharedreading

9/13/2022, 8:01:11 PM

Dette året har eg norsk på vg3. Me jobbar med litteraturhistorie frå rundt 1850, og har bla lese utdrag frå Albertine, Amtmandens døtre, Gjengangere, Et dukkehjem og Fiskerjenten. Raskt hadde me ein spennande og engasjert diskusjon rundt spørsmålet: ER LITTERATUR FARLEG? (for kven: Forfattaren? Lesaren? Samfunnet?) Dette var ca ei veke etter overgrepet på Salman Rushdie... ER LITTERATUR VIKTIG? Eg har ikkje lese frå Heidi Furre si siste bok høgt i klassen, jfr valdtektsstatistikken er det diverre eit vågestykke....men DU som les dette, les òg boka: MAKTA - eit verb - eit substantiv Heidi Furre sin siste roman heldt meg meir vaken enn fòr mange koppar kaffi fòr seint på kvelden... Furre skriv om småbarnsmora Liv, som i mange år har levd som om ho IKKJE vart valdteken ein gong for lenge sidan. Til slutt byrjar traumet å røra på seg, det er vel traumets natur? Etterkvart infiltrerer det ALT ho er og gjer og tenkjer og føler, denne ugjerninga som ho prøver å bagatellisere som «berre ein liten valdtekt.» Ho er full av avsky både ovanfor seg sjølv og andre vakdtekstsoffer, og har sine strategiar som funkar, inntil dei ikkje lenger gjer det. Å lesa boka var som å flyta rundt i ein malstraum utan å koma seg unna, full av ubehag, kanskje ein slags parallell til korleis Liv har det. Ho prøver hardt å få kontroll over traumet, som ho ikkje ein gong har fortalt mannen sin om. Språket er direkte og suggererande, boka bygd opp som ein lang, indre monolog Liv har med seg sjølv. Ho brukar ikkje store ord, noko som forstørrar overgrepet. Det er så vondt å lesa, og så viktig! Eg vert inderleg provosert over alt me jenter/kvinner verda rundt har måtte tola og må tola, alle råda me ikkje klarer lata vera å gi når døtrene våre flyttar heimefrå... . . . . #MAKTA #heidifurre #leselyst #les #lesforlivet #lesogdel #debatt #roman #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #lesesirkel #leseglede #litteraturforalle #folkehelse #helsefremjing #bibliotek #leslesles #bookstagramnorway #bedremedbok #readygoread #boktips #bokblogg #skrivesamfunn

9/6/2022, 1:32:45 PM

Tilfeldigvis har to av dei bøkene som har gjort mest inntrykk på meg så langt i år, begge ein død fugl på framsida... men lat deg ikkje lura, for bøkene er fulle av liv, av alskens aspekt ved det sjølvbiografiske og/eller fiktive livet. Det er skrive mange omtalar av begge bøkene, sjølv klarer eg ikkje finna ord på leseopplevinga mi, enno. Stum av begeistring og beundring! Eg er glad eg ikkje lever av bookstagramming... Om du har lese desse bøkene, er eg spent på kva DU syntes! Viss ikkje; Les, les, les❣️❣️❣️ Per Petterson: ~ Mitt Abruzzo. Journal Lars Elling: ~ Fyrstene av Finntjern . . . . #larselling #fyrsteneavfinntjern #perpetterson #mittabruzzo leselyst #les #lesforlivet #lesogdel #debatt #roman #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #lesesirkel #leseglede #litteraturforalle #folkehelse #helsefremjing #bibliotek #leslesles #bookstagramnorway #avkopling #FJETRA #bedremedbok #readygoread #boktips #bokblogg #skrivesamfunn #åretsbestebok

8/24/2022, 5:36:10 PM

Berre 16 sider har eg lese, men eg er alt trollbunden av skildringane, personane, scenane, fantasien, rikdomen, språket, overraskingane og mangfaldet i denne romanen! Eg er allereie lei meg for at eg berre har 327 sider igjen... Eg går hardt ut, uredd. FYRSTENE AV FINNTJERN lovar betre enn noko anna bok eg har begynt på i år. Eg er så glad for at Lars Elling stod og venta på meg på skulebiblioteket då eg gjekk frå jobb i dag, at eg fekk ta han i handa, få føra han heim til meg bak lukk dører. Som om ikkje dette er nok, så 😘er eg heime åleine ☀️det er sol i hagen, og 📖eg byrjar seint på jobb i morgon. . 🍏Hardangerjenta i meg smeltar av nydelege nyord, som i sitatet: «Og om høsten tynges den ned av hardangermengder av små, syrlige, grønne epler.» PS: eg har alt mistanke om at to av årets favorittbøker begge har ein død fugl på omslaget. Veit du kva anna bok eg tenkjer på?😉 (ledetråd: 🐎🐎🐎) #larselling #fyrsteneavfinntjern #leselyst #les #lesforlivet #lesogdel #debatt #roman #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #lesesirkel #leseglede #litteraturforalle #folkehelse #helsefremjing #bibliotek #leslesles #bookstagramnorway #avkopling #FJETRA #bedremedbok #readygoread #boktips #bokblogg #skrivesamfunn #åretsbestebok

8/17/2022, 5:40:55 PM

. SVARTSTILLA av Susanne Skogstad. 📖 «Og at det einaste som held restane saman, er den stilla som er fråværet av nærleiken din. Og at her finn eg ho ikkje. For her finst du ikkje. Og eg falmar vekk i ingenting» ☀️ Så kom endeleg sola, sjeldan og strålande! Eg skulle til fjells, men vart dårleg. Likevel får eg gleda av sola, her eg ligg og dormar og les, med sollyset som leikar seg på veggen. I stabelen på nattbordet fann eg denne boka eg ikkje visste eg hadde. Ei fin overrasking. Den er trist, sår og poetiskvakker, fordelt på 155 sider. Eg-personen er ei gamal enke som ikkje vil forlata huset deira, der den avdøde mannen er så nær henne. Dei vaksne borna reagerer med ulike nyanser og grader av irritasjon og empati på mora, som ikkje klarer gi slepp på ektemannen/faren. Ho klamrer seg fast i heilenC medan ho tenkjer tilbake på livet, på kjærleiken, og korleis mannen takla svartstilla hennar, mørket som tidvis har slukt henne gjennom livet. Ei sår, men ikkje berre mørk bok. Den vanskelege sonen tek eit klokt val på dei siste sidene, og gir boka ein god slutt. #svartstilla #susanneskogstad #gloriaforlag leselyst #les #lesforlivet #lesogdel #debatt #roman #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #lesesirkel #leseglede #litteraturforalle #folkehelse #helsefremjing #bibliotek #leslesles #bookstagramnorway #avkopling #feriebok #bedremedbok #readygoread

8/14/2022, 9:43:54 PM

Eg hugsar ikkje når dette biletet vart teke, eller på kva gresk øy det var. Boka kan eg heller ikkje hugsa å ha lese. Det eg derimot hugsar og føler heilt levande og med alle sansane, er å forsvinna inn i ei fengande bok, gleda over at den er tjukk og at det er ferie, kjensla av at tida ER ei elv, raus og med stadig påfyll, og det er TID til å gjera alt og ingenting. Biletet frå ein ferie i familiefavoritten Hellas dukka opp då ei dotter rydda i sakene sine i sommar. Eg var ikkje heime, og fekk det på snap. Plutseleg var eg ikkje på hytta lenger, men i Hellas. Døtrene var ikkje vaksne studentar, men småjenter. Sjølv var eg heller ikkje 55, men i 40-åra… Eg kjende lukten av solkrem og varm hud, kjende smaken av gresk salat og Mythos, kjende solsteiken dirra og sveitten trilla, høyrde lyden av småjentene som leika i havet, av sirissar, av den greske (øyresus-)musikken og surr av avslappa folk på ferie. Det er ganske fantastisk kva eit bilete (eller lyd, smak) kan framkalla, av minner og stemningar, kva som plutseleg dukkar opp! Det er òg utruleg kva bøker kan utretta. Eg har hatt min beste lesesommar på mange år, ergo har «eg» vore mange ulike personar, på mange ulike stader, som har opplevd mange ulike ting. Eg har bladd meg gjennom bok etter bok, sitjande og liggande har eg reist i tid og rom og liv. Ps: då eg googla A HOLOGRAM FOR THE KING kom den sakte tilbake til meg. Og ikkje minst fekk eg ei påminning om at eg ein gong hadde hekt på Dave Eggers: «A heartbreaking work of staggering genius» Kva bok har gitt DEG den beste reiseopplevinga i sommar? 📚 . . #daveeggers #leselyst #les #lesforlivet #lesogdel #avspasering #ferie #deltleseopplevelse #lesesirkel #leseglede #litteraturforalle #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #bibliotek #leslesles #bookstagramnorway #avkopling #feriebok #bedremedbok #readygoread #mentalhelse #biblioterapi #bokblogg #wherewouldiliketoread iketoread

8/6/2022, 11:00:36 AM

«HENDELSEN». Ei vond bok. Den er rå, viktig, smertefull, klaustrofobisk, kvalmande, interessant… Pennen til Ernaux er skarp, sjølvransakande, glitrande. Ho set saman fragment og utforskar hukommelsen, skriv skarpt om å vera underlagt myndigheitene, klassesamfunn og hykleri. Det er rystande at denne sjølvbiografiske, fragmenterte romanen frå 1964 er så brennande aktuell, jamfør USA si ferske lovendring i juni, som gir delstatene rett til å avgjera om abort skal vera lov eller ikkje. Wenche Gerhardsen vann @publizm sin novellekonkurranse med den velskrivne novella «Når de tror vi ikke hører», som òg handlar om abort i «gamle dagar.» Mitt tips: les Ernaux og les Gerhardsen - godt skrivne og viktige tekstar om eit evig aktuelt tema. . Diverre er runde to her på fjellet snart over. Blingsmoen er ein god plass å vera! Hyttelivet er godt = tur, søvn, bøker, fysisk arbeid, god mat og prat, badstu&bad, kontemplasjon (sett i gang av sauer og hestar på vollen, av suset i trea, ein horisont av skog) og Gammeldansk til frukost. . . #hendelsen #annieernaux #gyldendal #leselyst #les #lesforlivet #lesogdel #debatt #aktuelt #novelle #roman #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #lesesirkel #leseglede #litteraturforalle #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #bibliotek #leslesles #bookstagramnorway #avkopling #feriebok #bedremedbok #readygoread

7/29/2022, 11:40:24 PM

. PARISSYNDROMET av Heidi Furre. 🛟Den som vert utsett for Parissyndromet kan nok trenga ei form for livbøye... 🛟 «Eg snurra på globusen og fingeren min trefte Paris. Det var berre eit namn på eit kart. Ein by eg hadde sett i ein film, ikkje for langt unna, men langt nok. Dette er ingen draum, eg er i eit 40 tonns fly tusen fot over bakken, omtrent her går grensa mellom verkelegheit og draumar. Krasjar eg, så krasjar eg.» Globusen skulle HAN få, men «Eg ville ikkje gi heile verda til ein som ikkje ville ha meg.» Det er ikkje lett for hovudpersonen i boka å vita kva ho skal gjera med livet sitt, når ho er 24 år og dumpa. Ho famlar rundt i Paris som i Oslo, men får etterkvart sin vesle flokk, ein ny kvardag og eit heilt lite liv i byen. Etter mange månadar vågar ho til og med å snakka fransk. Boka skildrar tilværet hennar fint og forsiktig, med varme og humor, og eg likte å vera i Paris med ho. Eg vart berørt, og eg likar vekslinga mellom skildringane av livet i Paris og det som tidvis opptek tankane hennar mest: verdsrommet og bestemora heime i skogen i Norge. Det er som om ho tidvis svevar i sin eigen bane mellom desse to sfærene. På baksida av boka står Parissyndromet forklart, og tittelen passar godt på boka: " ... ein diagnose ein stiller på japanske turistar som får alle draumar og illusjonar knust når dei besøker Paris for første gong. Den japanske ambassaden i Paris har ein eigen hotline for turistar som blir ramma av syndromet. Årleg blir rundt tjue japanarar sendt heim med ei kjensle av å vere bedratt, desillusjonerte og skuffa over draumebyen som ikkje fanst." Boka las eg ferdig i dag tidleg, med bølgeskvulp under føtene og vind i krøllane. Varmen for hovudpersonen i boka kjende eg på lik linje med varmen frå sola. Eg legg den igjen i Sverige, der Bestis med mann har hus på ein holme nær horisonten. . . #heidifurre #parissyndromet #leselyst #les #lesforlivet #lesogdel #avspasering #ferie #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #lesesirkel #leseglede #litteraturforalle #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #bibliotek #leslesles #bookstagramnorway #avkopling #feriebok #bedremedbok #readygoread

7/24/2022, 3:53:48 PM

. FERIELEKTYRE = MURSTEINSROMAN Desse tre romanane med sine totalt 315 sider, er derimot meir å rekna som barndomens flyndrestein, enn murstein. Og eg trur eg har tapt❤️mitt til KORTROMANAR… Eg vart oppslukt av SMÅTING SOM DETTE, let meg lett transportera til IRLAND, til både den ytre og den indre poetiske verda til kolhandlaren Bill. Eg las og havna rett inn i den fattige og dobbeltmoralske småbyen New Ross før jul, inn i Bill sin familie med kone og fem døtre. Når han oppdagar forholda i klosteret i byen vert han personleg utfordra, noko som gir boka ei interessant vending på siste side. Deretter havna eg i FRANKRIKE, FAR | EN KVINNE gjorde inntrykk på ein konfronterende måte, boka rysta og fascinerte språkleg, men òg med måten ho utforskar og utfordrar klassekamp og relasjonen til foreldra. Denne må eg lesa på ny. MIN DAG I DET ANDRE LANDET foregår nok ikkje i forfattaren sitt heimland AUSTERRIKE, men heller universelt og mentalt. Eg brukte overraskande lang tid på dei 73 sidene, som var fulle av innskotne leddsetningar, lange setningar og innfall. Likevel klarte eg ikkje legga boka frå meg, vart fascinert av både det eg forstod og ikkje forstod. Kort oppsummert: eg gler meg til å lesa meir av 📍Claire Keegan 📍Annie Ernaux 📍Peter Handke Klare no ligg EVENTYR av Herman Hesse (127 s) og Vivian Gornick: Den odde kvinnen og byen (159 s). Tips meg gjerne om fleire KORTROMANAR. . . . . #leselyst #les #lesforlivet #lesogdel #avspasering #ferie #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #lesesirkel #leseglede #litteraturforalle #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #bibliotek #leslesles #bookstagramnorway #avkopling #feriebok #bedremedbok #readygoread

7/19/2022, 9:51:34 AM

Denne boka, den ulmar, gnistrar og slår ut i brann🔥 Heilt ærleg, den har vore så omtala at eg har veksla mellom sterk dragning og laber interesse. Heldigvis plukka eg den med meg frå biblioteket, og slukte den ein dag på hytta, då eg var i laber form. Boka er forma som eit 351 siders brev til Medietilsynet, der Johanne fortel «Hva jeg gjorde med pengene», dvs dei 80. 000 ho fekk tildelt derfrå. Den handlar om eit ungt band på Europa-turne, men like mykje om ulike relasjonar, om overgrep og søskenforhold. (lillesøster og artist Aina er dronning på sosiale media, medan storesøster Johanne slettar seg frå SoMe). Den er spanande, interessant, velskriven og godt komponert. Ikkje minst er det ei VIKTIG bok, med passasjar og hendingar som diverre er til gjenkjenning for mange av oss, unge kvinner og kvinner som har vore unge... Det er vondt å vera tett på Johanne, som gong på gong nesten, men berre nesten fortel kva ho har opplevd. Denne boka vil eg (faktisk) at døtrene og elevane mine skal lesa, dei bør diverre det. Knut har måtta tola gjenfortelling og høgtlesing. Setningar og avsnitt er skrivne av. Eg kan kjenna boka på kroppen etter at eg er ferdig med den. Det sit ei uhygge igjen i meg, men eg finn òg eit slags sårt håp mot slutten, der det står: «Forskjellen på å VÆRE det som er galt og å bare måtte BÆRE det, er enorm. Det er den som gjør at jeg skal klare meg.» 🫶 [Nok ein gong gløymte eg at det var ei lånebok, men no er eseløyrer fjerna, og boka er god som ny…] . . . #marenskolem #aschehoug #hvajeggjordemedpengene #leselyst #les #lesforlivet #lesogdel #avspasering #ferie #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #lesesirkel #leseglede #leselyst #litteraturforalle #livsmeistring #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #bibliotek #leslesles #bookstagramnorway #avkopling #feriebok #bedremedbok #readygoread

7/17/2022, 4:02:09 PM

LYTTE​​​​​​​​ ​​​​​​​​ I metoden Shared Reading er en av egenskapene vi bruker å lytte, og benytter da enkle refleksjoner til å formidle interesse, tilstedeværelse og empati, som å gjenta det som blir sagt, ikke tolke, men vi kan også legge til en personlig vending på gjentagelsene sine, for å tilføre noe nytt i samtalen, åpne den. Vi kan også oppsummere som også gir deltakeren muligheter til å presisere og utdype. Disse teknikkene som benyttes i metoden er jo fine påminnelser til hvordan lytte i hverdagslivet også:) ​​​​​​​​ ​​​​​​​​ Er dette en påminnelse som kan være nyttig med tanke på det Å SKRIVE også? ​​​​​​​​ ​​​​​​​​ #Sharedreadingmetoden #delleseopplevelse #fellesleseopplevelse #lesogdel #lytte #kommunikasjon

7/1/2022, 9:01:29 AM

. FREDAG var feriestart, med regnstorm og festival. LAURDAG gløtta sola omsider fram, og eg våkna med feber og vondtar. Sidan regnet returnerer i morgon, går eg ut frå at eg er frisk igjen😅 SØNDAG-MANDAG har eg lege i senga bak lukka gardiner og sove, lese, sove, sove og lese. På nattbordet låg heldigvis nylånte bibliotekbøker. To av desse førte meg til København: SÅNN BLE DET er Maren Uthaug sin debutroman. Den innfridde ikkje, men fengsla meg litt etterkvart, og eg gler meg til å lesa dei seinare bøkene hennar. BOB av Helle Helle er fascinerande og forunderleg, fekk meg til å tenkja på Hamsun si «Sult» Eg siterer Martha Norheim: «Helle Helle skriv sensasjonelt bra om det usensasjonelle. Korleis får ho det til? Det er ikkje spenning, det er eit sug. Det er ikkje drama, det er intensitet. Det er ikkje desperasjon, det er ... jo, av og til er det desperasjon.» LESELYST av Tone Selboe er lærerik, interessant og lettlest, bra sjukelektyre. Eg likte godt «Sykdom», med utgangspunkt i Virginia Woolf sitt essay «Om å være syk» Mi sjuke går snart over, men eg har vore langvarig sjuk før, med erfaringar som gjer at teksten treffer. Kva las DU sist gong du var sjuk? Eg vert glad for boktips📚 . . . . #sjukelektyre #kolonforlag #hellehelle #leselyst #les #lesforlivet #lesogdel #avspasering #ferie #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #lesesirkel #leseglede #leselyst #litteraturforalle #livsmeistring #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #bibliotek #leslesles #bookstagramnorway #avkopling #feriebok #bedremedbok #readygoread

6/20/2022, 12:46:47 PM

📖💬 FREDAG&SITAT, sagt etter lesestund: «Faktisk er det litt ergeleg at eg har gått glipp av fleire økter. Eg tenkjer slik som når eg går glipp av yndlingsyogatimen min🧘🏻‍♀️ Avhengighetsskapende er det, ei lomme for ro og meditasjon, samstundes som det er utfordrande. Og så fører det til så mange refleksjonar at det berre blir kjekt å delta aktivt💬 Det er så fint å koma der for at ein spennande pakke skal bli opna🎁📚 Den tryggleik du gjev i gruppa og den ro du framfører tekstane ned, er veldig god. Det merkast at du likar å gjera dette»❤️ {🌻😊Berre så det er sagt, i dag har eg ferie😄🌻} #fredagogsitat #helgetorvund #johanborgen #les #lesforlivet #lesogdel #deltlesing #fredagogsitat #sharedreading #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #sharedreadingnorge #mentaltsilkeføre #lesesirkel #leseglede #leselyst #litteraturforalle #sharedreadingsiri #nynorskedikt #livsmeistring #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #fellesskap #bibliotek #novelle #dikt #leslesles

6/17/2022, 6:07:31 AM

Trenger du inspirasjon til å finne noe å lese? Bli med på Sølvbergets leseutfordring i sommer! Del bilder av leseutfordringene dine på Instagram og tagg med #sølvbergetleser frem til 31. august, og bli med i trekningen av kjekke premier. Hvis du ikke er på Instagram kan du krysse av på flyeren som du får på biblioteket, skrive navnet ditt på den og levere den i skranken. Da er du med i trekningen. 15 leseutfordringer fra Sølvberget sommer 2022 Les en bok… - som er skremmende. Fra det virkelige liv eller fra fantasiens verden. - med handling fra et land du vil reise til. - av en forfatter som kommer til årets Kapittelfestival. - som er nominert til Bibliotekets litteraturpris. - med skeiv tematikk (Skeivt kulturår). - som er første bok i en serie. - som er veldig tynn. - som har vunnet en pris. - av en lokal forfatter. - en bok om vikingtiden eller middelalderen (Riksamlingsjubileet). - med illustrasjoner. - om en kjent person. - av en latinamerikansk forfatter. - hvor kunst eller musikk spiller en viktig rolle. - som er en klassiker. God sommer alle lesere! #sølvberget #bibliotek #stavanger #sølvbergetleser #stavangersentrum #lesetips #leseutfordring #sommer #leseiferien #tarduutfordringen #lesogdel #lånenbokpåbiblioteket

6/16/2022, 11:23:30 AM

Mi salige tante Gunvor var eksotisk bydame. Ho tok bussen til oss i Øystese, alltid med ein svær pose snop i veska. Fingrane var tunge av ringar, antrekka elegante. Ho og pappen var begge storrøykande, natteranglande erkebergensarar. Tante Gunvor var bitter, med skarp tunge og eit dystert syn på omverda. Noko fekk meg til å tenkja på henne då eg las desse to romanane. De siste kjærtegn og Øyeblikk for evigheten handlar om Birgitte Solheim. Ho har passert 90. Skral og skrøpelig sit ho åleine i leiligheita i Paris, utan eigen familie, langt frå heimlandet Noreg. At ho kun treffer den irriterande søstera på videoprat er optimalt. Me føl hennar særprega blikk TILBAKE på karriera som hjartekirurg i mannsdominert miljø, på barndom, forholdet til søstera og elskarar ho har hatt. Ho lever likevel NO òg. Me vert dradd inn i hennar dagar som gamal, og tankar om å eldast. Ho har både ein sjarmerande pleiar og ein ven. Kanskje ho etterkvart KJÆRLEIK… Kjersti Anfinnsen skildrar Birgitte og einsemda i tilværet på ein øm, sår, morosam og poetisk måte. Eg kunne godt tenkt meg å møta Birgitte! [leseeksemplar] Eg kjøpte eine boka i gåve til @asetve 🎁📖 Den fall i smak. . #kolonforlag #kjerstianfinnsen #les #lesforlivet #lesogdel #avspasering #ferie #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #lesesirkel #leseglede #leselyst #litteraturforalle #livsmeistring #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #bibliotek #leslesles #bookstagramnorway #avkopling #feriebok

6/14/2022, 8:32:28 AM

. Bokryggpoesi i påvente av ferie: DEN FORDØMTE FRIHETEN SOMMERTID PLUTSELIGE VARMEGRADER AUF NACH IRGENDWO FJORDEN BACKPACK Å GÅ SEG VILL UVENTA VENDINGAR JUNI, JULI, AUGUST GUT, JENTE, JUNI, JULI SOLOPPGANG I NORD ALT BRENNER Nynorsk, bokmål, engelsk, tysk, noveller, dikt, romanar, essays ~ eg er altetande😉 🌻SOMMARFERIE =📒📗📙📕 = tid til å gjera ALT og alt det INGENTING eg vil🌸😊 Kva skal DU lesa, eller ikkje lesa, i sommar? . . #les #lesforlivet #lesogdel #avspasering #ferie #sharedreading #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #sharedreadingnorge #lesesirkel #leseglede #leselyst #litteraturforalle #sharedreadingsiri #livsmeistring #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #fellesskap #norway #norge #bibliotek #leslesles #bookstagramnorway #avkopling #tidtrøyte #feriebok #bokryggpoesi

6/12/2022, 12:45:30 PM

📖💬 FREDAG&SITAT, sagt etter lesestund: «For min del kunne vi hatt Shared Reading kvar kveld! Shared reading gir meg først og fremst eit PUSTEROM i kvardagen, og mulighet til å utvida hobbyen min; lesing. Det gir nye PERSPEKTIV, og det er kjekt å bli kjent med folk eg elles ikkje hadde møtt» I går las me «»KAPRIFOLIUM» av Johan Borgen, den mest krevande novella så langt. Den har lite ytre handling, men språket…! Me vart bedøvd av intensiteten i språket, slik guten i teksten var av kaprifoliumveggen han gøymte seg i, i timesvis. Det var så mykje å snakka om, litt etter litt nærma me oss denne guten, følte me nærma oss ei forståing av han ~ og samtalen hadde skikkeleg nerve! 🌱🌸🌱🌸🌱🌸🌱🌸🌱 Etterpå las me diktet «DEN STORE REISA» av Helge Torvund. Me pusta kanskje letta ut over innhaldet, over stemninga og den kvardagslege gleda som vert skildra på ein sykkeltur. Folk hadde så mykje på hjartet at me gjekk over tida, og for å vera ærleg: eg hadde det ikkje travelt med å koma meg ut av biblioteket. Samtala minna ut i takksemd over hos helse, over evna til å gleda seg over det små i det store. . TAKK TIL ALLE som har kome på SHARED READING dette året, gong etter gong. Eg gler meg til neste sesong! 🙏🏻📚💬🪑🪑🪑🪑🪑🪑🪑🪑🪑🪑❣️ . #fredagogsitat #les #lesforlivet #lesogdel #deltlesing #fredagogsitat #sharedreading #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #sharedreadingnorge #mentaltsilkeføre #lesesirkel #leseglede #leselyst #litteraturforalle #sharedreadingsiri #nynorskedikt #livsmeistring #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #fellesskap #norway #norge #bibliotek #novelle #dikt #leslesles

6/10/2022, 11:27:26 PM

. Katt Katten sit i tunet når du kjem. Snakk litt med katten. Det er han som er varast i garden. Olav H. Hauge 🐈🌱 Korleis opplever DU diktet? Eg har lyst å lesa og utforska dette diktet på ei lesegruppe, der dukkar det som oftast opp interessante, overraskande perspektiv og innspel. Fun fact: mammo var redd kattar, men god ven med Olav H. Det står ein del om Edel i dagbøkene hans, i nyutgåva er mykje borte, men framleis finst ho på to av sidene. Me døtrene les vårt mellom linjene. Sjølv langt inn i demensen, kunne ho sitera dikta hans, berre lytt til videoen her❤️ Sjølv om mammo eit langt liv var både flott og forfengeleg, deler eg dette ~ deklameringa overgår tankeløysa. . . . #demens #mentalhelse #livsmeistring #biblioterapi #livsglede #folkehelse #sharedreadingnorge #lesforlivet #lesogdel #deltlesing #sharedreading #deltleseopplevelse #mentaltsilkeføre #lesesirkel #leseglede #leselyst #litteraturforalle #sharedreadingsiri #nynorskedikt #høgtlesing #helsefremjing #fellesskap #bibliotek #novelle #dikt #leslesles #olavhhauge

6/5/2022, 10:21:16 AM

. ONCE THERE WAS A BLANK PAGE THEN THERE WAS A WORD THIS IS HOW SPACE BEGAN 💬📋📝 Slik byrja òg det som førte meg til Bergen i går. Dagens FREDAG & SITAT er frå veggen på Litteraturhuset, der det står nær andre kloke ord. Eg køyrte i 4 time for å lesa høgt i 3.5 minutt. På agendaen var lansering av tidsskriftet Kraftverk 65, der novella mi er på trykk. Kva gjer ein ikkje når ein får høve til å lesa høgt frå eigen tekst, i sjølvaste Olav H. Hauge-salen… Det var så skummelt at eg ikkje varsla andre enn minstejenta, som heldigvis ville vera med ❤️ Henning H. Bergsvåg (som har gitt ut fleire sterke diktbøker + lagar favoritt-podcasten min POESIDIGG) OG Gunnar Staalesen sit i juryen, og var tilstades. Benedicte Maurseth spela Hardingfele, og snakka om kor viktig det er at born får ha sin frie fantasi og leik, og stimulera kreativiteten. Det var ei god stund. Eg syns eg var modig, eg fekk godord og fine roser, og var glad eg nok ein gong hoppa i det og tenkte FUCK JANTE! . . . #fredagogsitat #les #lesforlivet #lesogdel #deltlesing #fredagogsitat #sharedreading #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #sharedreadingnorge #mentaltsilkeføre #leseglede #leselyst #litteraturforalle #nynorsk #livsmeistring #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #fellesskap #norway #norge #bibliotek #novelle #dikt #leslesles #litteraturhusetibergen

6/3/2022, 10:49:29 PM

FRA EN ANNEN VIRKELIGHET ​​​​​​​​ ​​​​​​​​ Se, jeg svaler min hånd i kjølig gress​​​​​​​​ Det er vel, virkelighet, ​​​​​​​​ det er vel virkelighet nok for dine øyne, ​​​​​​​​ men jeg er på den andre siden​​​​​​​​ hvor gresstrå er kimende klokker av og sorg og bitter forventning. ​​​​​​​​ ​​​​​​​​ ​​​​​​​​ Dette diktet av Gunvor Hofmo som er tatt fra samlingen av samme navn har jeg hatt god erfaring med fra en Shared Reading lesegruppe. ​​​​​​​​ ​​​​​​​​ I dag skal jeg ha lesegruppe med en novelle av Tove Jansson fra novellesamlingen "Den Lyttende". Novellen: "Svart-hvitt"​​​​​​​​ #lesegruppe #opplevelsesbasertlesing #deltlesing #lesogdel

6/2/2022, 5:45:06 AM

. 📖💬 FREDAG&SITAT, sagt etter lesestund: {Bilete frå førre vekes reisemål Oslo og Trondheim, med Inspirasjonsseminar for Shared Reading- leseleiarar som mål, og vener/familie som bonus} «Det var ei fin stund og eg vil absolutt vera med seinare. Eg treng rett og slett å finna tilbake LESELYSTA og LESEGLEDA bøker gir. Lesegruppa gir meg roa og nysgjerrigheita tilbake. Det er kjekt å høyra andre sine tankar, spesielt når me er på ulike stader i livet, både i alder og bakgrunn.» PS: kva bokbilete i dette innlegget gir deg best vibbar? #fredagogsitat #les #lesforlivet #lesogdel #deltlesing #fredagogsitat #sharedreading #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #sharedreadingnorge #mentaltsilkeføre #lesesirkel #leseglede #leselyst #litteraturforalle #sharedreadingsiri #nynorsk #livsmeistring #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #fellesskap #norway #norge #bibliotek #novelle #dikt #leslesles

5/27/2022, 5:57:42 PM

«Å vanne blomster om kvelden» 💦🌼🌸 Boka er så euforisk omtala at eg vert skeptisk og nyfiken. På framsida står det med store, provoserande bokstavar: «VERDENS VAKRESTE BOK», difor bilete av bokryggen, samt nokre kamuflasjebilete av framsida. Likevel, eg rakk berre lesa nokre sider før den første gleda traff meg. Hovudpersonen Violet Toussaint og eg har nemleg ei felles glede; gravplassar. Ho voktar ein gravlund, og eg vaks opp på Øystese Fjord Hotell, som næraste nabo til kyrkjegarden. Min første jobb var å sjå ut vindauget på badet i «privaten», derfrå kunne eg sjå når kista på gravplassen vart senka i jorda. Då sprang eg til pappen, som gjekk ut og heisa flagget til topps, før følget kom til minnestund på hotellet. Eg hugsar korleis me som små tråkla gravplassen og levde oss inn i skjebnane me fann der, spesielt i barnegravene. Ein av dei finaste gravplassane eg har sett i Norge ligg ved havet i Ervika. I Trondheim sist helg vart eg fascinert av både graver og Nidarosdomen. Nyleg vart eg til og med glad for stemningsrapport frå dottera. Ho skulle ta ny snarveg til lesesalen og var brått på Møllendal gravplass. Sjølvsagt snappa ho mora😉 I utlandet oppsøker eg alltid gravplassar. Det er estetisk og kulturelt interessant, rører ved noko i meg, opplevast poetisk, fredfullt og ikkje minst får fantasien næring. Katolske, jødiske og ortodokse gravplassar er ekstra givande. Medan eg skriv no ser eg føre meg gravplassar eg har besøkt i byar som Mumbai, Münster, Berlin, Praha, Paris, Roma, Milano eller Budapest, og småplassar eg har gløymt namnet på i Hellas og Kroatia. Det tyske ordet for gravplass er favoritten: FRIEDHOF, det kling betre enn Cemetery, Cimetière, Cmentarz. Syns du eg er underleg og morbid, eller deler du min fascinasjon? . . . #leseglede #lesilag #lesehest #bokorm #boktips #bookstagramnorge #bookstagramnorway #bokmelding #åvanneblomsteromkvelden #les #lesforlivet #lesogdel #sharedreading #deltleseopplevelse #biblioterapi #lesesirkel #leselyst #litteraturforalle #sharedreadingsiri #livsglede #høgtlesing #helsefremjing #fellesskap #bibliotek #leslesles #avkopling #tidtrøyte #feriebok

5/26/2022, 11:27:39 PM

. 📖💬 FREDAG&SITAT: «Darwin kan fortelle oss hvordan vi er blitt mennesker, hva et menneske er, men det er Dostojevski som kan si hvordan det er å være et menneske.» ~ Marie A. Skomsvoll, i Monstermenneske📘 Endeleg er det inspirasjonssamling for leseleiarar i Trondheim, to tettpakka dagar med etterlengta godt og meiningsfullt påfyll, med erfaringsutveksling og utvikling ~ og sjukt god lunch på Thon Hotel Prinsen. Mange av oss opererer åleine, så dette fellesskapet er viktig og kjærkome. Eg ser føre meg effekten når ca 60 kvinner og tre menn reiser herfrå med nytent Shared Reading-eld🔥 Som bileta viser rakk eg å utforska litt før og etter dagens program, men det viktigaste skjedde innandørs, representert ved bilete nr tre. . . . #fredagogsitat #les #lesforlivet #lesogdel #sharedreading #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #sharedreadingnorge #lesesirkel #leseglede #leselyst #litteraturforalle #sharedreadingsiri #livsmeistring #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #fellesskap #norway #norge #bibliotek #leslesles #avkopling #katarsis #salutogense

5/20/2022, 11:33:40 PM

Gratulerer med dagen❣️ 📕📖📘 Når det gjeld lesestoff er eg bortimot altetande. Eg har alltid ei bok i veska, ryggsekken eller kofferten, og fleire bøker gåande på same tid. Stabelen på nattbordet er høg! For det meste les eg på norsk og litt på tysk, sidan det er faga mine. Men når det er ferie unnar eg meg å lesa engelsk. Uansett språk og sjanger er eg mest glad i å ha ei fysisk bok mellom hendene, helst paperback, som eg les med penn og eseløyrer. Etter at eg vart leseleiar les eg fleire noveller enn før, og eg les på ein annan måte, med eit anna mål for auge. Til helga skal eg på inspirasjonssamling for leseleiarar, gler meg skikkeleg. Når det handlar om å reisa undrast eg på, og tvilar: ~ vil BookBites kunna erstatta ei fysisk bok? ~ vil eg klara å vera på ein flyplass utan å kjøpa ei bok? . . Takk for inspirasjon @ord_over_grind 📚 . #les #lesforlivet #lesogdel #sharedreading #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #sharedreadingnorge #lesesirkel #leseglede #leselyst #litteraturforalle #sharedreadingsiri #livsmeistring #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #fellesskap #norway #norge #bibliotek #leslesles #avkopling #tidtrøyte #feriebok

5/17/2022, 9:17:25 PM

. 📖💬 FREDAG&SITAT, IKKJE sagt ETTER lesestund, men FØR ein ferie, av mannen min som stiller opp som prøvekanin på delt lesing. Han lèt seg lett engasjera til samtale og utforsking av tekstar eg vurderer å bruka i lesegrupper. Bonusen er at me får ein ny type interessante samtalar og diskusjonar ~ så eg kan tilrå andre å gjera det same! 📚👩‍❤️‍👨 👩‍❤️‍💋‍👩 Stundom let faktisk dei to store døtrene våre seg lokka med òg. Så over til sitatet: «Du må ikkje gløyma å finna feriebok til meg, Siri!» Det er nemleg slik at Knut èr glad i å lesa, men stort sett berre finn roa til lesing i sommarferien. Difor er dette årets viktigaste bokoppdrag for meg. Eitt år las han uventa raskt ut boka si, og vart skuffa då eg berre hadde engelske/tyske paperbacks i kofferten. Redninga kom på ei ferje mellom greske øyar☀️🇬🇷🏝🚢 Der fann han Dagbladet sitt litteraturmagasin, som heldt han gåande nokre dagar. Bøker som har slått godt an: - Kader Abdolah: Huset ved moskeen. - Frode Grytten: Menn som ingen treng, Bikubesong - Robert Seethaler: Et helt liv -Jón Kalman Stefánsson: Himmelrike og helvete - Roy Jakobsen: De usynlige - 📕📙📖📗📓📚 . . . . . #fredagogsitat #les #lesforlivet #lesogdel #sharedreading #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #sharedreadingnorge #lesesirkel #leseglede #leselyst #litteraturforalle #sharedreadingsiri #livsmeistring #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #fellesskap #norway #norge #bibliotek #leslesles #avkopling #tidtrøyte #feriebok #wherewouldiliketoread

5/13/2022, 4:19:22 PM

I dag fra kl 9 - 10 hadde jeg et lite zoom-treff, der vi blant annet leste teksten "Punktet" av Gunhild Øyehaug fra samlingen Vonde blomar. ​​​​​​​​ ​​​​​​​​ Vonde blomar består av en rekke korte tekster/noveller hvor flere egner seg godt til å lese i grupper hvor vi bruker lesemetoden Shared Reading. Novellene er surrealistiske, og gir mye å snakke om og ikke minst undre seg over. "Kan man se verden på denne måten"? "Hva får kjøttmeisen deg til å tenke på"?​​​​​​​​ ​​​​​​​​ For trente lesere er det flere av novellene som har intertekstualitet i seg (slik jeg oppfatter det), morsomt!​​​​​​​​ ​​​​​​​​ #gunhildøyehaug #sharedreading #deltleseopplevelse #lesogdel #vondeblomar #slimålar

5/9/2022, 8:00:35 PM

. 📖💬 FREDAG&SITAT, sagt etter lesestund, (med litt stille stemme så andre ikkje skulle høyra det): «Siri, kan ikkje du reservera plass til meg ut året, så eg er garantert plass på kvar lesestund?!» ☺️😉😀 Klokka nærmar seg 19. Ein etter ein kjem dei inn på det stille biblioteket. Enn så lenge «berre» kvinner (sjølv om Knut og mannlege kollegaer kan stadfesta at det definitivt er noko for menn òg!) Den eine etter den andre kjem meg smilande i møte, med opne andlet. Snart er alle seter tatt, småpratinga stilnar og det ryk varm kaffe eller te frå krusa. Det knitrar i Twist-papir og nokre hostar lett, kanskje for å unngå gjera det etterpå, når eg les. Kvar ringen byrjar eller sluttar er uvisst, men det er tydeleg at me alle er klare. Eg fornemmar forventing i augo, kanskje undring: kva tekst skal me lesa idag? Kva folk, hendingar og stemningar møter me i novella, kva assosiasjonar og tankar vil eg få, kva diskusjonar om moment dukkar opp i samtalen? Folk er heldigivs trygge, vågar utforska tekstane ilag, og ha lyd på tankane. 🪑🗯💬💭📚 #fredagogsitat #les #lesforlivet #lesogdel #deltlesing #fredagogsitat #sharedreading #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #sharedreadingnorge #mentaltsilkeføre #lesesirkel #leseglede #leselyst #litteraturforalle #sharedreadingsiri #nynorskedikt #livsmeistring #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #fellesskap #norway #norge #bibliotek #novelle #dikt #leslesles

5/6/2022, 12:52:20 PM

📖💬 FREDAG&SITAT, sagt etter lesestund: «Eg syns det var kjekt å vera saman om ein tekst, og syns det auka mitt eige medvit kring lesing. Det er eit privilegium å få servert ferdig utvalde kvalitetstekstar, som ikkje minst var godt opplesne. Sunt å få andre sine opplevingar av same tekst, kjekt med ulike meiningar og tankar.» (Bilete frå HARDANGER, sidan me i går las tekst frå Marit Eikemo si novellesamling med same namn) Novella Siderhusreglar fekk latteren til å bølga og bræka så mykje at eg fleire gonger måtte venta med å lesa vidare😀Karakterane i teksten er fornøyelege og interessante, og me lærte kor gale det kan gå når ufaglærte tuklar med den FORBANNA GODE sideren…🚀💥🍾🍎🍏 Eg blir så fascinert av at me får så ulike tankar og assosiasjonar av den same teksten! Typene i novella fekk ei til å tenka på den litt sære far sin, ei anna på teikneserien Brunch òg sjølv tenkte eg på Heinrich Böll sin Anekdote til senking av arbeidsmoralen. Spennande! . . VELKOMEN TIL NY LESEGRUPPE I SLUTTEN AV MAI! #fredagogsitat #les #lesforlivet #lesogdel #deltlesing #fredagogsitat #sharedreading #deltleseopplevelse #mentalhelse #biblioterapi #sharedreadingnorge #mentaltsilkeføre #lesesirkel #leseglede #leselyst #litteraturforalle #sharedreadingsiri #nynorskedikt #livsmeistring #livsglede #folkehelse #høgtlesing #helsefremjing #fellesskap #norway #norge #bibliotek #novelle #dikt #leslesles

4/29/2022, 7:04:08 PM